Har du innspel til reguleringsplanarbeid for del av Kleppevegen ?

Volda kommune varslar med dette at det er sett i gang arbeid med utarbeiding av reguleringsplan for del av Kleppevegen, jf.  plan- og bygningslova §§ 12-3 og 12-8. Formålet med planarbeidet er å legge til rette for opprusting av del av Kleppevegen til samlevegstandard med einsidig fortauløysing. 

Området som skal regulerast er om lag 33.5 daa. Området er i kommunedelplanen vist som samleveg med fortau/gangveg. Langs vegen er det eksisterande bustadområde, og område for offentleg eller privat tenesteyting. Det er fleire reguleringsplanar innanfor planområdet der delar vil bli endra som følgje av reguleringsplanarbeidet.

Grunneigarar, naboar og offentlege instansar vert varsla i eige brev.

Lurer du på noko ?

Sakshandsamar er planleggar Berit Sandvik Skeide. Ta gjerne kontakt om du har spørsmål på telefon 477 69 408 eller e-post: berit.sandvik.skeide@volda.kommune.no

 

Har du innspel ?

Du har no moglegheit til å kome med innspel til planarbeidet.

Innspel til  varsel om oppstart skal sendast til: Volda kommune, Stormyra 2, 6100 Volda eller postmottak@volda.kommune.no

Frist er sett til  26.1.2023. Merk med saksnummer 22/5026

Avgrensing av område