Høyring av revisjonsdokument for regulering av Åmelavassdraget

Tussa Høyring av revisjonsdokument for regulering av Åmelavassdraget, Vanylven og Volda kommunar, Møre og Romsdal

NVE har sendt ut revisjonsdokument for reguleringa av Åmelavassdraget på offentleg høyring.

NVE har i brev av 25.05.2021 vedtekeat vilkåra for følgjande konsesjonar skal reviderast:

  • Kongelig resolusjon av 16. juni 1972 til erverv av bruksrett til og regulering av Åmelavassdraget m.v.


På bakgrunn av krav vidareformidla av Vanylven kommune og føringar frå NVE har Tussa
Energi AS utarbeidd eit revisjonsdokument som mellom anna beskriv reguleringane og
vurderer dei ulempene ein er kjent med. Revisjonsdokumentet leggast no ut til offentleg
høyring. Revisjonsdokumentet og fråsegnene til dette vil utgjere ein viktig del av
grunnlagetforå fastsette reviderte vilkår.

Revisjonsdokumentet er tilgjengeleg på NVE si internettside www.nve.no/konsesjonssaker

Generell informasjon om revisjon av konsesjonsvilkår finnast på www.nve.no/revisjon.

Dersom du ønskjer ein papirversjon kan du kontakte Terje
Myklebust hos Tussa Energi AS, tlf 91516905 eller e-post: terje.myklebust@tussa.no
 
Eksemplar av revisjonsdokumentettil ligg til offentleg gjennomsyn i resepsjonen på Volda rådhus, fram til 1. november 2022.
Det eine eksemplaret av revisjonsdokumentet kan om naudsynt lånast ut for kortaretid (2-3 dagar).

Alle som har meiningar om saka, kan sende fråsegn på ein av følgjande måtar:

  • via skjema for fråsegner, som de finn på våre internettsider
  • via e-post til uttalelse@nve.no (merk e-post med «Fråsegn» og saksnummer 201907463 i emnefeltet, og gi opp namn og organisasjonsnummer i innleiinga om du representerer ei verksemd)
  • via brev til NVE, Postboks 5091, Majorstuen, 0301 OSLO