Høyring og offentleg ettersyn av kommuneplanen sin samfunnsdel

I samsvar med plan- og bygningslova § 11-14 er framlegg til kommuneplanen sin samfunnsdel for Volda kommune 2022-2034 lagt ut til høyring og offentleg ettersyn.

Kommunestyret handsama framlegget 16.06.22, i sak 31/22. Kommuneplanen sin samfunnsdel tek stilling til langsiktige utfordringar, mål og strategiar for kommunesamfunnet som heilskap og kommunen som organisasjon.
Høyringsframlegget er tilgjengeleg på denne lenka:


Høyringsutkast Kommuneplanen sin samfunnsdel 2022-2034 (Digital plan)

Høyringsutkast: Kommuneplanen sin samfunnsdel 2022–2034 (PDF/for utskrift) (PDF, 4 MB)

Kommunen inviterer med dette alle til å kome med innspel og synspunkt til planen.
Merknader skal vere skriftlege og merka med saksnummer 21/533.
Dei skal sendast til Volda kommune, Utvikling, Stormyra 2, 6100 Volda, eller ved e-post til postmottak@volda.kommune.no

Frist for innsending av merknader er 02.09.2022.