Kunngjering av godkjend reguleringsplan for Røystun panorama

Kart av planområdet - Klikk for stort bilete Utklipp frå kart

Kommunestyret har i møte 27.10.2022 med heimel i plan- og bygningslova (PBL), § 12-12, godkjent reguleringsplan for Røystun panorama (planid 2021003).

Planen er bindande innanfor planområdet for alle arbeid og tiltak som er nemnde i pbl § 1-6.

Reguleringsplanen legg til rette for to nye bustadområde, der det kan førast opp inntil 4 einebustader og ein 2-mannsbustad med tilhøyrande anlegg. Tre eksisterande bustadeigedommar inngår i planen.

Vedtaket kan påklagast av partar med rettsleg klageinteresse innan tre veker. Eventuell klage må vere grunngjeven og skal rettast til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal. Klagen skal sendast som brev til

Volda kommune, Stormyra 2, 6100 Volda  eller e-post til Postmottak@volda.kommune.no for førebuande sakshandsaming.

 

Eventuell klage skal merkast med saksnummer 21/805.

Røystun panorama
Tittel Publisert Type
Reguleringsføresegner Røystun panorama, sist datert 20.9

03.11.2022 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Reguleringsføresegner Røystun panorama, sist datert 20.9.2022.pdf
Slutthandsaming

03.11.2022 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Slutthandsaming. Detaljreguleringsplan for Røystun panorama.pdf
Reguleringsplankart, sist datert 24.5

03.11.2022 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Reguleringsplankart, sist datert 24.5.2022 (L)(254231).pdf
Planomtale, sist datert 25.5

03.11.2022 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Planomtale, sist datert 25.5.2022 (L)(254230).pdf