Kunngjering - kommunedelplan for tidlegare Volda kommune

Temakart grønstruktur - Klikk for stort bilete

Kommunestyret har i møte 12.08.21 sak 81/21 vedteke kommunedelplan for tidlegare Volda kommune, planID 2016005.

Kunngjering kommunedelplan for tidlegare Volda kommune

Kommunestyret har i møte 12.08.21 sak 81/21 vedteke kommunedelplan for tidlegare Volda kommune, planID 2016005.

Kommunedelplanen har etter dette rettsverknad, med unntak av område og føresegn som vert omfatta av motsegn frå Statsforvaltaren i Møre og Romsdal (B234, BKB9, BKB11, BKB24 og føresegn (avstandskrav) knytt til leike- og aktivitetsområde). Med heimel i plan- og bygningslova § 11-16 vert dei delane av planen som er omfatta av motsegn sendt til departementet for endeleg avgjersle.

Planvedtaket vert herved kunngjort i samsvar med plan- og bygningsloven § 11-15. Vedtak om kommunedelplanen kan ikkje påklagast, jf. pbl. §11-15.

Kommunedelplan for tidlegare Volda kommune omfattar plankart, føresegner, planomtale, konsekvensutgreiing, ROS-analyse og temakart. Plandokumenta er tilgjengeleg på kommunen sine heimesider

https://www.volda.kommune.no/tenester/bygg-eigedom-og-plan/kommuneplan/kommunedelplan-for-tidlegare-volda-kommune/