Kunngjering kommunedelplan for tidlegare Volda kommune

Volda kommune har i brev frå Kommunal- og distriktsdepartementet (KDD) datert 16.03.22 motteke avgjerd i motsegnssaka. 

Kommunestyret i Volda vedtok i møte 12.08.21 sak 81/21 kommunedelplan for tidlegare Volda kommune, planID 2016005. Kommunedelplanen fekk etter dette rettsverknad, med unntak av område og føresegn som var omfatta av motsegn. Med heimel i plan- og bygningslova § 11-16 vart dei delane av planen som var omfatta av motsegn sendt til departementet for endeleg avgjersle.

Volda kommune har i brev frå Kommunal- og distriktsdepartementet (KDD) datert 16.03.22 motteke avgjerd i motsegnssaka. Plandokumenta er endra i samsvar med vedtak i KDD og har etter dette rettsverknad. Planvedtaket vert herved kunngjort i samsvar med plan- og bygningslova § 11-15. Departementet sitt vedtak kan ikkje påklagast, jf. pbl. §11-16.

Kommunedelplan for tidlegare Volda kommune omfattar plankart, føresegner, planomtale, konsekvensutgreiing, ROS-analyse og temakart. Plandokumenta er tilgjengeleg på kommunen sine heimesider (www.volda.kommune.no).