Offentleg høyring - Kommunedelplan helse- og omsorg 2022-2034

Illustrasjon helse- og omsorgsplan - Klikk for stort bilete Illustrasjon frå helse- og omsorgsplanen Formannskapet i Volda kommune vedtok i medhald av plan og bygningslova § 4.1 og § 11-13 å legge "Kommunedelplan helse- og omsorg 2022-2034" ut til offentleg ettersyn i minimum seks veker.

Kommunedelplan for helse- og omsorg gjev mykje kunnskap om tenestene og om ulike utfordringar. Planen syner retning for utvikling av tenestene. Prioritering av ulike satsingar og tiltak vert gjort i samband med årleg handsaming av budsjett- og økonomiplan i kommunen.

Planen har følgjande hovudkapittel:

  1. Innleiing
  2. Rammer og føringar
  3. Hovudmål og delmål
  4. Helse og omsorgstenester
  5. Utviklingstrekk- tal og statistikk
  6. Status, utfordringar og satsingsområde
  7. Resultat frå arbeidsgruppene
  8. Fagplanar og temaplanar

 

Lenker til planen:

Kommunedelplan helse og omsorg 2022-2034 (digital plan)

Kommunedelplan helse-og omsorg 2022-2034 (PDF-fil for utskrift) (PDF, 3 MB)

Saksdokumentet om planen (innsyn.volda.kommune.no)

Planen vert også lagt ut i papirversjon ved servicekontoret på Volda rådhus, Smia i Hornindal og biblioteka.

Høyringsprosessen:

Innkomne høyringssvar vil følgje saka vidare fram til endeleg godkjenning av planen. Kvart einskilt høyringssvar vert kommentert og vurdert i saksutgreiinga knytt til den endelege handsaming av saka.

Skriftlege innspel skal sendast på e-post til postmottak@volda.kommune.no eller per brev til Volda kommune, Stormyra 2, 6100 Volda.

Merk høyringssvaret med Kommunedelplan helse- og omsorg 2022-2034.

Høyringsfrist er 5 september 2022.