Offentleg høyring - Strategiplan leve heile livet 2022-2034

Illustrasjon frå strategiplanen Leve heile livet. Kart av Volda med mennesker i ulik livsfase teikna inn - Klikk for stort bilete Illustrasjon frå strategiplanen Leve heile livet

Formannskapet i Volda kommune vedtok å legge strategiplan "Leve heile livet 2022-2034" til offentleg ettersyn i minimum seks veker.

Strategiplan "Leve heile livet"

I 2018 vart kvalitetsreforma for eldre “Leve heile livet” vedteke i Stortinget. Reforma har fokus på å skape eit aldersvenleg samfunn med nye og innovative løysingar for å bidra til at eldre kan meistre livet lenger og få hjelp og støtte ved behov. Reforma skal følgast opp og gjennomførast i kommunane, og “Leve heile livet” strategiplan 2022-2034 skal vera med å gje retning i arbeidet med vidareutviklinga av eit aldersvenleg samfunn i Volda kommune.

 

Lenker til planen:

Strategiplan Leve heile livet (digital plan)

Strategiplan Leve heile livet (PDF-fil for utskrift) (PDF, 601 kB)

Saksdokument om strategiplanen Leve heile livet

Planen vert også lagt ut i papirversjon ved servicekontoret på Volda rådhus, Smia i Hornindal og på biblioteka i kommunen.

Høyringsprosessen:

Innkomne høyringssvar vil følgje saka vidare fram til endeleg godkjenning av planen. Kvart einskilt høyringssvar vert kommentert og vurdert i saksutgreiinga knytt til den endelege handsaming av saka.

Skriftlege innspel skal sendast på e-post til postmottak@volda.kommune.no eller per brev til Volda kommune, Stormyra 2, 6100 Volda.

Merk med høyringssvaret med: Strategiplan Leve heile livet.

Høyringsfrist er 5 september 2022.