Oppstart av reguleringsplanarbeid for del av Raudemyrvegen

Volda kommune varslar med dette om at det er sett i gang arbeid med utarbeiding av reguleringsplan for del av Raudemyrvegen, jf.  plan- og bygningslova §§12-3 og 12-8.

Føremålet med planarbeidet er å legge til rette for opprusting av del av Raudemyrvegen til samlevegstandard med fortausløysing på oppsida av vegen.

Planområdet er i vest avgrensa mot krysset til Solhøgda og i aust går planområdet forbi krysset mot Lisjenakkvegen. Planavgrensinga er som vist i kartutsnittet under. 

Området som skal regulerast er om lag 17,3 daa. Langs vegen er det eksisterande bustadområde. Det er fleire reguleringsplanar som vil verte endra som følgje av reguleringsplanarbeidet.

Grunneigarar, naboar og offentlege instansar vert varsla i eige brev.

Lurer du på noko?

Sakshandsamar er planleggar Elise Hjelle Sandvik. Om du lurer på noko kan du ta kontakt på telefon 947 82 751 eller e-post: elise.hjelle.sandvik@volda.kommune.no

Har du innspel?

Du har no moglegheit til å kome med innspel til planarbeidet.

Innspel til  varsel om planoppstart skal merkast med saksnr 22/5013 og sendast til:

Volda kommune
Stormyra 2
6100 Volda                                                           eller til postmottak@volda.kommune.no 

Frist er sett til  26.1.2023.