Varsel om planoppstart og høyring av planprogram - Områderegulering for Volda sentrum

Kart som viser kva område i Volda sentrum planprogrammet gjeld - Klikk for stort bilete Kart

I samsvar med plan- og bygningslova §4-1, §12-8 og §12-9 vert forslag til planprogram for områdereguleringsplan for indre sentrumssone sendt ut på høyring og lagt ut til offentleg ettersyn. Det vert varsla om oppstart av planarbeidet.

Volda kommune skal i gong med planarbeid for indre sentrumssone. Målet med planarbeidet er å fastsette dei juridiske rammene for vidare utvikling av Volda sentrum, og med dette gi rammer for byggjeområde, offentlege område, vegar, gangvegar, grøntareal og bruk av sjøareala. Kommunen ynskjer å legge til rette for fortetting og transformasjon som vist i kommunedelplan for tidlegare Volda kommune og Utviklingsplanen.


I samsvar med plan- og bygningslova §4-1, §12-8 og §12-9 vert forslag til planprogram for områdereguleringsplan for indre sentrumssone sendt ut på høyring og lagt ut til offentleg ettersyn etter handsaming i formannskapet 04.10.2022, saksnr. 157/22. Det vert samstundes varsla oppstart av planarbeidet.

Planområdet omfattar området som er vist på kartutsnittet nedanfor.

Illustrasjon områdekart over sentrumeområde i Volda sentrum - Klikk for stort bilete Illustrasjon områdekart

 

Varsel om planoppstart og høyring av planprogram - kommunen si heimeside - Områderegulering for Volda sentrum
Tittel Publisert Type
Melding om vedtak - Varsel om oppstart av planarbeid og høyring av planprogram

10.11.2022 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Melding om vedtak - Varsel om oppstart av planarbeid og høyring av planprogram. Områdeplan for indre sentrumssone, planID 2021006..pdf
Planprogram områdeplan Volda sentrum

10.11.2022 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Planprogram områdeplan Volda sentrum.pdf

Høyringsperioden

Høyringsperioden er frå 10.11.2022 – 05.01.2023.

Kommunen inviterer til informasjonsmøte på Volda samfunnshus 7.12.2022. kl 18.00.

Eventuelle innspel sendast til Volda kommune, Storgata 2, 6100 Volda, eller e-post til: postmottak@volda.kommune.no innan 5.1.2023. Merk brevet med saksnr. 21/2230.