Høyringar og kunngjeringar

Her vil høyringar og kunngjeringar i Volda kommune vil bli lagt ut til offentleg ettersyn.

Om du har innspel, må du svare innan den oppgjeve høyringsfristen.

Formannskapet har i møte 26.03.2020 vedteke Detaljregulering for Volda ungdomsskule

 

Konsesjonssøknad for ei ny 132 kV luftledning mellom Leivdal og Navelsaker i Stad og Volda kommunar. 

 

Med bakgrunn i at Volda kommune er ei ny kommune frå 1. januar 2020, er det viktig at ein får starta arbeidet med utarbeiding av kommunedelplan for helse og omsorg. Frist for innspel er 24. april 2020.

Planforslaget til detaljreguleringsplan for Fjellvegen 2 leggast no ut på offentleg ettersyn. Frist for å kome med innspel er sett til 20. april 2020.

I høve arbeidet med ny alkoholpolitisk handlingsplan for Volda kommune, er eit forslag no utarbeida og vert sendt ut til offentleg høyring. Frist for innspel er 2. april 2020.