2. gongs høyring/offentleg ettersyn – Kommunedelplan for tidlegare Volda kommune

Formannskapet har i møte 08.12.20, sak 251/20, vedteke å fremje forslag til kommunedelplan for tidlegare Volda kommune og legge planen ut til 2. gongs høyring og offentleg ettersyn i samsvar med plan- og bygningsloven §§ 5-2 og 11-14. 

Arealdelen omfattar alt areal innanfor tidlegare Volda kommune, både land- og sjøareal, og vil vere eit overordna styringsdokument dei komande åra. 

Planforslaget består av planomtale, plankart, føresegner og retningsliner, temakart, konsekvensanalyse og risiko- og sårbarhetsanalyse. Planforslaget og andre sentrale dokument er tilgjengelege på Servicekontoret, og på kommunen si heimeside, Kommunedelplan for tidlegare Volda. Plankarta er tilgjengelege på https://kommunekart.com/ under kartlaget «kommuneplanrullering». 

Merknader til planforslaget må sendast skriftleg til Volda kommune, Stormyra 2, 6100 Volda, eller med e-post til postmottak@volda.kommune.no. Merkast med sak 19/10011. Frist for uttale er 7. februar 2021.