Høyring av alkoholpolitisk handlingsplan 2020-2024

I høve arbeidet med ny alkoholpolitisk handlingsplan for Volda kommune, er eit forslag no utarbeida og vert sendt ut til offentleg høyring. Frist for innspel er 2. april 2020.

Klikk for stort bilete 

 

 

Kvifor har vi ein alkoholpolitisk handlingsplan? 

Det er alkohollova med forskrift og alkoholpolitisk plan som er grunnlag for sal- og skjenkeløyve i kommunen. Innanfor alkohollova sine rammer har kommunane fått eit betydeleg ansvar og stor fridom til å utforme sin eigen lokale alkoholpolitikk. Som ein konsekvens av dette pliktar kommunen å utarbeide ein alkoholpolitisk handlingsplan, jf. alkohollova § 1-7 d.

Planen skal reviderast i kvar kommunestyreperiode for å vere oppdatert og aktuell. Planen skal innehalde hovudmåla for kommunen sin alkoholpolitikk og kva tiltak som skal nyttast for å nå alkohollova sitt mål om å redusere tilgjenge til og forbruket av alkohol. Aktuelle verkemiddel kan vere tak på tal på sals- og skjenkeløyve, regulering av opningstider og avgrensing av kva konsept som skal få løyve m.m.

Den eksisterande planen går ut i 2020 og ein ny plan må vedtakast før kommunestyret skal behandle alle sals- og skjenkeløyva i kommunen på nytt i løpet av sommaren 2020. 

Samarbeid mellom kommunane

Utkastet til alkoholpolitisk handlingsplan er utarbeidd av ei interkommunal arbeidsgruppe med representantar frå Hareid, Herøy, Sande, Ulstein, Vanylven, Volda og Ørsta kommunar. Dette fordi det tidlegare har vore eit uttalt mål at vår region har ein så lik løyvepolitikk som mogleg, utifrå omsynet til trafikktryggleik og like konkurransevilkår for næringa.

Arbeidsgruppa har vorte samde om eit felles utkast med omsyn til konsept, sals- og skjenketider og gebyr. Det er likevel slik at det vil vere opp til kvart enkelt kommunestyre å fastsetje den enkelte kommune sin løyvepolitikk utifrå lokale høve, slik at det kan verte lokale variasjonar i kommunane.

Frist og adresse:

Har du merknader til planen kan du fylle dei ut her.

Eller du kan sende innspel til postmottak@volda.kommune.no

Ønskjer du å sende pr. brev er adressa: Volda kommune, Stormyra 2, 6100 VOLDA

 

Saka skal merkast med:

Høyringssak: Alkoholpolitisk handlingsplan

Saksnr.: 20/483

Frist for innspel er 2. april 2020