Høyring av planprogram – Helse- og omsorgsplan 2020-2032

Klikk for stort bileteMed bakgrunn i at Volda kommune er ei ny kommune frå 1. januar 2020, er det viktig at ein får starta arbeidet med utarbeiding av kommunedelplan for helse og omsorg. Frist for innspel er 24. april 2020.

Utfordringar for helse- og omsorgssektoren

Helse- og omsorgssektoren i kommunen står framfor store utfordringar i tida framover. Folketalsframskrivinga viser at det vert stadig fleire eldre i kommunen i åra som kjem.

Kommunane vert tilført fleire og større oppgåver utan at inntektene eller statlege overføringar aukar tilsvarande utgiftene desse oppgåvene medfører. Det vert difor auka krav til styring av ressursane. Vi må innanfor gjeldande økonomiske rammer finne løysingar som gjer at innbyggarane får tenestene dei har krav på.

Det er eit overordna mål at alle innbyggarar skal kunne bu heime så lenge ein ynskjer. Velferdsteknologi og digitalisering kan vere viktige element for å lykkast med denne målsettinga.

Det vil også vere viktig at ein vurderer tenestene på rett nivå og i rett omfang slik at ein får ei heilskapleg teneste med gode pasientløyper i samhandling med spesialisthelsetenesta.

Det er venta at det vert ei stadig større utfordring å rekruttere og behalde kompetent arbeidskraft i åra som kjem. Det vil difor også vere viktig å fokusere på tiltak for å sikre tilgjengeleg kompetent arbeidskraft.

Helsefremmande  og førebyggande fokus må vere innarbeida i alle sektorar. Barn og unge sine oppvekstvilkår er såleis viktige i eit langsiktig helse- og omsorgsperspektiv. 

Volda formannskap vedtok følgjande i møte den 03.03.2020. i sak 41/20:

1. Volda kommune vedtek i medhald av plan og bygningslova §4.1 og §11-12 å starte opp arbeid med kommunedelplan for helse- og omsorg.

2. Volda kommune vedtek i medhald av plan og bygningslova §4.1 og §11-13 å legge vedlagde planprogram for utarbeiding av ny helse- og omsorgsplan ut til offentleg ettersyn i minimum seks veker.

Lenkjer:

Eller du kan finne det på biblioteket i Volda og på Grodås.

Frist og adresse:

Har du merknader til planen kan du fylle dei ut her.

Eller du kan sende innspel til postmottak@volda.kommune.no

Ønskjer du å sende pr. brev er adressa: Volda kommune, Stormyra 2, 6100 VOLDA

Saka skal merkast med:
Høyringssak: Planprogram Helse og Omsorgsplan 2020- 2032

Saksnr.: 20/1262

Frist for å kome med merknad er 24. april 2020.

Kontakt

Ragnhild Aarflot Kalland
rådgjevar
E-post
Mobil 952 30 366