Høyring - Handlingsplan mot vald i nære relasjonar - felles for alle kommunene på Sunnmøre

Lokal handlingsplan mot vald i nære relasjonar er ute på høyring med frist for innspel 1. desember

Klikk for stort bilete Karolina Grabowska  

Vald i nære relasjonar er eit omfattande samfunns- og folkehelseproblem. 

I november 2018 vedtok styringsgruppa for krisesenteret på Sunnmøre å søkje midlar til utarbeiding av ein lokal handlingsplan mot vald i nære relasjonar. Krisesenteret søkte midlar, og i oktober 2019 innvilga Fylkesmannen midlar til prosjektet.

Kommunale representantar kom saman til eit oppstartmøte i februar 2020, og arbeidet med planen vart starta. Grunna covid-19 vart det nedsett ei mindre arbeidsgruppe, som har fått bistand frå representantar frå alle sunnmørskommunane. Kommunane skal legge til rette for at tenestene blir i stand til å førebyggje, avdekkje og avverje vald og overgrep. Når vald blir avdekt skal tenesteapparatet kunne bidra med rett hjelp til rett tid og ha eit godt samarbeid med aktørar også utanfor dei kommunale tenestene.

Med denne felles handlingsplanen set alle kommunane på Sunnmøre arbeidet mot vald i nære relasjonar på dagsorden. Målsettinga er at tiltak og auka merksemd på vald i nære relasjonar vil bidra til å styrke det førebyggjande arbeidet, at fleire valdsutsette og valdsutøvarar får naudsynt hjelp og at fleire situasjonar der menneske utsettast for vald blir avdekka og avverja.

Bruk av vald er i strid med norsk lov, og eit angrep på grunnleggande menneskerettar.

I 2010 kom Krisesenterlova som slo fast at alle kommunar skulle ha eit krisesentertilbod både for kvinner, menn og barn. Det er ikkje lenge sidan den snevre omgrepet kvinnemishandling vart erstatta med omgrepet vald i nære relasjonar. Spissformulert har utviklinga gått frå ignoranse til nulltoleranse. Personar i ALLE aldra, både born, vaksne og eldre, kan utøve og utsetjast for vald. 

Handlingsplanen er kjønnsnøytral. Vi snakkar om valdsutsett og valdsutøvar.

Omfattande forsking viser at vald i nære relasjonar, anten det er å vere vitne til vald eller å bli utsatt for direkte vald, seksuelle overgrep eller krenking, kan føre til omfattande negative konsekvensar på kort og lang sikt. Kommunen har eit særlig ansvar for å førebyggje, avdekkje og avverje vald og overgrep.
Planen skal sikre eit hjelpetilbod som er kunnskapsbasert og samordna og inneheld satsingsområder for perioden. Tiltaka skal bidra til å styrke kunnskaps- og handlingsgrunnlaget i alle kommunane på Sunnmøre.
 
Handlingsplanen er også eit verkty til hjelp i situasjonar der det kan vere fare for eller mistanke om at vald oppstår. 


Målet er at handlingsplanen skal nyttast av og gi auka kunnskap til tilsette og innbyggarane i kommunane. Det kan vere familie, naboar, kollegaer, offentlege nettverk og/eller frivillige i foreiningar eller fritidsarenaer som har ei bekymring knytt til eit barn, ein ungdom eller ein vaksen.
Målet er at planen skal handsamast politisk i alle sunnmørskommunane i løpet av januar/februar 2021.

Høyringsutkast til Handlingsplan mot vald i nære relasjonar (PDF, 5 MB)

Innspel og kommentarar til planen slik den ligg føre sendast til eller postmottak@volda.kommune.no eller i brev til Volda kommune, Stormyra 2, 6100 Volda,  innan 1. desember 2020.

Kontakt

Ingunn Gjengedal
assisterande kommunalsjef
E-post
Mobil 924 36 245