Kommuneplanen sin samfunnsdel - Varsel om oppstart og offentleg ettersyn av planprogram

Klikk for stort bilete 

Formannskapet i Volda har i møte 02.03.2021, sak 24/21, fatta vedtak om å starte opp arbeidet med revisjon av kommuneplanen sin samfunnsdel, jf. plan- og bygningslova §§ 11-2 og 11-12. Planprogrammet er lagt ut til offentleg ettersyn, jf. plan- og bygningslova §11-13.

Kommuneplanen sin samfunnsdel skal ta stilling til langsiktige utfordringar, mål og strategiar for kommunesamfunnet som heilskap og kommunen som organisasjon. I planprogrammet er det gjort greie for siktemålet med planarbeidet, framdriftsplan og opplegg for medverknad. Planprogrammet inneheld også framlegg til hovudtema i planen.

Kommunen inviterer med dette alle til å kome med innspel og synspunkt til planarbeidet. Merknader til planprogrammet skal vere skriftlege og merka med saksnummer 21/533. Dei skal sendast til Volda kommune, Utvikling, Stormyra 2, 6100 Volda, eller ved e-post til postmottak@volda.kommune.no innan 23.04.2021.

 

Høyringsutkast planprogram kommuneplanen sin samfunnsdel (PDF, 2 MB)

Statistikk og utviklingstrekk Volda kommune 2020 (PDF, 5 MB)