Næringsområde på Rotset er lagt ut for sal

Dronebilete av Rotset næringsområde - Klikk for stort bilete Sektor samfunnsutvikling

Attraktivt næringsområde på Rotset er for sal og aktuelle kjøparar kan melde seg til kommunen innan 21.5.2021.

Biletet viser at næringsområde som ligg langs E39 er ferdig opparbeidd med teknisk anlegg og er klar til utbygging.

Kommunen legg til grunn i det vidare arbeidet at utvikling av området skal skje basert på ein heilskapleg plan av ein part eller partar i felleskap. Ein forpliktande avtale mellom kommunen og kjøpar skal sikre utbygging av området på ein best mogleg måte.

Utsnitt av gjeldande reguleringsplan med omriss av areal som vert lagt ut for sal - Klikk for stort bileteUtsnitt av gjeldande reguleringsplan med omriss av areal som vert lagt ut for sal

Framdriftsplan

Kommunen har utarbeidd ein tentativ framdriftsplan for utvikling av området

  • 09.04.2021 annonsering
  • Veke 15-20, kommunen er opne for møte med aktuelle kjøparar
  • 21.05.2021 Frist for å søke avtale om kjøp av område
  • Veke 21-22 sakshandsaming og innstilling
  • 08.06.2021 Sak til formannskap
  • Utarbeide opsjon og kjøpsavtale
  • 17.08.2021 Godkjenne politisk kjøpsavtale og opsjonsavtale

Heilskapleg utvikling

Volda kommune legg til grunn at området vert utarbeidd heilskapleg av ein part eller partar i felleskap etter ein forpliktande avtale som sikrar utbygging av området i tråd med plan.

Heilskapeleg utvikling av området er eit viktig poeng frå kommunen si side i høve til sakleg vurdering om direktesal til part(ar).

Kommunen vil legge til grunn at det vert signert opsjon- og kjøpsavtale med part(ar) som regulerer avtaleforholdet. Avtalane må skje innanfor rammene for gjeldande reguleringsplan.  Dersom ein ynskjer endringar i regulerings/ føresegner må dette gjennomførast på vanleg måte gjennom reguleringsplanprosess.

I samband med ny arealdel for heile kommunen har Volda formannskap godkjent eit strateginotat «Senterstruktur, sentrumsavgrensing og funksjonsfordeling i Volda», som skal leggast til grunn for arbeidet med arealdelen. I dette dokumentet ønskjer ein å sikre at handel på Øvre Rotset vert etablert etter eit typisk storhandelkonsept, og ikkje som småbutikkar som ein ønskjer etablert i indre sentrumssone.

Ein har lagt til grunn i sin arealpolitikk  «Mellom den framtidige Voldatunnelen og Rotsethorntunnelen er det store areal som kan vere egna som suppleringssenter når det gjeld handel. Ein har peikt på at det kunne etablerast ein handelspark med høve til handel med både plasskrevjande varer og enkelte utvalsvarer som hushaldningsapparat, verktøy og sportsutstyr som kjem under definisjonen av detaljhandel. Ein signaliserer at ein kan etablere detaljhandel med totalt bruksareal opp til 6000m2 i denne midtre sona.»

Prisfastsetjing på næringsarealet på Øvre Rotset er fastsatt i tidlegare sak og er 796 kr pr. m2 + konsumprisindeksering frå 1.1.2019.

Opsjonsavtale

Opsjonsavtalen vil regulere Kjøpar sin dialog med seljar for å avklare rammevilkåra for utbygging og etablering på området. Der vil og ligge ein føresetnad at kjøpar er klar over at det vil være ein føresetnad for endeleg kjøp at det er semje om ein kjøpsavtale mellom Seljar og Kjøpar ved forpliktande vedtak og underskrifter samtidig med denne opsjonsavtalen.

Avtalen gir kjøpar rett til å ha dialog med moglege marknadsaktørar for å få etablert nye aktørar til Volda. Det vert lagt til rette for ei realistisk opsjonsperiode for å avklare alle forhold for å kunne innfri intensjonen med denne avtalen.

Avtalen vil elles regulere fleire forhold m.a knytt til pris, plikter, begrensingar, tiltredelse, oppgjer, konfidensialitet og avtaleperiode.

Planen

I område merka forretning/kontor/industri (F/K/I) kan det byggjast forretning-, kontor og industribygg. Tillate bruksareal til detaljhandel er for heile området avgrensa til 3.000 m2 bruksareal.

Sal av plasskrevjande varer, i samsvar med definisjon i «Regional delplan for attraktive byar og tettstader», kan tillatast. Innanfor områda kan det ikkje etablerast verksemd som ved utslepp (støy og anna ureining) påfører ulempe for busetnaden og bruk av dei areala denne reguleringsplanen omfattar eller tilgrensande utbygde område.

Bygningar innanfor områda skal førast opp i branntrygge materialar.

Maksimal gesims- og mønehøgde:

Tabell - Klikk for stort bilete

Maksimal møne- og gesimshøgde skal reknast i hht TEK10. Bygningane si retning skal ta omsyn til bygget sin verknad på kringliggande landskap. Det vert vist til illustrasjon som følgjer plandokumenta.

Melde interesse

Ein melder si interesse ved å kontakte oppgitte kontaktpersonar eller ved å sende ein epost til postmottak@volda.kommune.no , merk eposten med Næringsområde Rotset.

Kontaktpersonar:

Asbjørn Moltudal – 975 15 225 - asbjorn.moltudal@volda.kommune.no

Jarl Martin Møller – 975 06 761 - jarl.martin.moller@volda.kommune.no