Offentleg ettersyn - Detaljreguleringsplan for Bjørkedalen, gnr. 91, bnr. 2 m. fl

Klikk for stort bileteEtter handsaming i Formannskapet vert planforslag for Bjørkedalen, gnr. 91, bnr. 2 m. fl vert lagt ut til offentleg ettersyn i minst seks veker.

Samandrag

Leite og Howden arkitekter og ingeniørkontor har på vegne av grunneigar Jan Roger Bjørkedal og byggmeister Kjell-Gunnar Dalseth utarbeidd forslag til detaljreguleringsplan for eit hyttefelt i nordleg del av Bjørkedalen.

Planforslaget legg til rette for etablering av 11 fritidsbustader i eit samla felt, med tilkomst via eksisterande skogsveg.

I planforslaget vert det lagt føringar for storleik på hyttene, teknisk infrastruktur, parkering og renovasjon med meir.

Vurdering og konklusjon

Planforslaget legg til rette for eit samla felt med fritidsbustader i eit noverande LNF-område. Området består i dag av småskog og er ikkje dyrkamark i dag.

Ein legg til grunn at eksisterande tilkomstveg til planområdet skal nyttast slik som skildra i plandokumenta. Då vegen er privat føresett kommunen at nye hytter får bruksrettar knytt til vegen og at det ikkje føreligg privatrettslege tvistar som hindrar bruk av vegen til og frå hyttene.

Området for nye fritidsbustader vil ligge relativt nærme eksisterande landbrukseigedomar og drift. Kommunen ser ikkje at utbygginga av fritidsbustadar skal vere til hinder for landbruk eller skogbruk, men føresett at vegen også kan nyttast til desse føremåla.

Kommunen vurderer det som positivt at fritidsbustader vert samla i felt, då det legg mindre beslag på areal og sikrar lettare tilgjenge for beredskap.

Planforslag Bjørkedalen gnr. 91, bnr. 2 m. fl
Tittel Publisert Type
Planforslag til offentleg ettersyn Detaljreguleringsplan for Bjørkedalen, gnr

30.01.2020 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Planforslag til offentleg ettersyn Detaljreguleringsplan for Bjørkedalen, gnr. 91, bnr. 2 m. fl (PLANID 2017001).pdf
Plankart_Rev A

30.01.2020 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Plankart_Rev A.pdf
Planomtale Bjørkedal_rev

30.01.2020 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Planomtale Bjørkedal_rev.pdf
Reguleringsføresegner_revB

30.01.2020 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Reguleringsføresegner_revB.pdf
Vedlegg 3-Varslede partar i samband med planoppstart på del av gbr

30.01.2020 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Vedlegg 3-Varslede partar i samband med planoppstart på del av gbr..pdf
Vedlegg 4-Innkomne merknader

30.01.2020 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Vedlegg 4-Innkomne merknader.pdf
Vedlegg 5-Sjekkliste ROS

30.01.2020 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Vedlegg 5-Sjekkliste ROS.pdf
Vedlegg 6-Arekeologisk befaring

30.01.2020 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Vedlegg 6-Arekeologisk befaring.pdf
Vedlegg 7-Skredfarevurdering

30.01.2020 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Vedlegg 7-Skredfarevurdering.pdf