Offentleg ettersyn: planforslag Volda ungdomsskule

Klikk for stort bileteForslaget til detaljreguleringsplan for Volda ungdomsskule vert lagt ut til offentleg ettersyn.

I formannskapet for "nye" Volda kommune vart det vedteke å leggje planforslag for Volda ungdomsskule ut til offentleg ettersyn.

Det vart meldt oppstart av planarbeid i eige brev til regionale mynde, samt naboar og gjennbuarar datert 08.10.2019.

Planarbeidet er utført av Volda kommune ved sektor for samfunnsutvikling.

Lokalisering av planområdet: Planforslaget legg til rette for etablering av ny ungdomsskule og kulturhus i Volda sentrum. Planområdet omfattar tomta til dagens ungdomsskule (gnr. 19, bnr 164), samt gnr. 19, bnr 251.

Eigedomane tilhøyrer Volda kommune. Adressa for ungdomsskulen er Røysbakken 35.

Planstatus

Området er sett av til «offentleg bygning» og «bustadområde» i gjeldande kommunedelplan for Volda sentrum (plan ID 2007010).

Dagens ungdomsskule er regulert gjennom reguleringsplan for «Folkeskuletomta Røysbakken» (plan ID 1952001).

I utkast til ny arealdel i kommuneplanen er området foreslått avsett til «offentleg eller privat tjenesteyting».

Planforslag Volda ungdomsskule
Tittel Publisert Type
Planforslag Detaljreguleringsplan for Volda Ungdomsskule

20.12.2019 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Planforslag Detaljreguleringsplan for Volda Ungdomsskule, plan ID 2019005 (L)(33869).pdf
Planføresegner

20.12.2019 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Planføresegner (L)(32855).pdf
Plankart 02.12.2019

20.12.2019 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Plankart 02.12.19 (L)(32851).pdf
Planomtale

20.12.2019 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Planomtale (L)(32852).pdf
Sjekkliste for risiko- og sårbarheit

20.12.2019 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Sjekkliste ROS_oppstart (L)(32853).pdf