Til offentleg ettersyn - temaplan for trafikktrygging 2020-2024

Klikk for stort bileteFormannskapet har i møte 15.09.20, sak 153/20 fatta vedtak om oppstart av temaplan for trafikktrygging og høyring av planutkast. 

Frist for å kome med merknader til høyringa er sett til 5. november 2020.

 

Temaplan for trafikktrygging (PDF, 4 MB) har som mål å legge til rette for trygge rammer for alle som skal ferdast i trafikken og på vegane i kommunen. Kommunen skal sjå til at omsyn til trafikktryggleik, trivsel, universell utforming og førebyggande arbeid i skulen har fokus i all planlegging og utbygging i kommunen.

Trafikktryggingsplanen har som hensikt å:

  • auke og samordne kommunen sin innsats i trafikktryggingsarbeidet.
  • gje eit godt fagleg grunnlag for kommunen sine planar for utvikling og opprusting av vegnettet.
  • gje eit godt grunnlag for innspel mot Statens vegvesen og Fylkeskommunen i høve til prioriteringar på overordna vegnett.
  • gje grunnlag for prioritering av aktuelle tryggingstiltak og for søknad om tilskot til slike tiltak.

Handlingsprogrammet vil bli gjeldande for perioden 2020-2024 og listar opp ei rekkje tiltak. Tiltaka skal gjevast ei prioritering i vedteken plan, men er førebels ikkje gjeve prioritering. Har du forslag til tiltak ber vi deg om å kome med innspel innan fristen 5. november.

Temaplan for trafikktrygging 2020-2024. (PDF, 4 MB)

Du kan sende inn uttale til postmottak@voldakommune.no eller nytte deg av elektronisk skjema.

Ta kontakt med sakshandsamar om du har spørsmål.

Kontakt

Erlend Sporstøl Vikestrand
planleggar og miljørådgjevar
E-post
Mobil 941 59 680