Varsel om oppstart av detaljregulering for Volda vassverk

Varsel om oppstart av detaljregulering for Volda vassverk

Føremålet med reguleringa er utviding av eksisterande vassverk i høve utbetring av vassforsyninga til Ørsta og Volda

I medhald av plan- og bygningslova §12‑8, varslast med dette oppstart av detaljregulering av Volda vassverk.

Forslagsstillar er Volda kommune. Plankonsulent er Norconsult AS. Planen blir utarbeidd i samsvar med plan- og bygningslova kapittel 12. Med bakgrunn i Forskrift om konsekvensutgreiingar (sist endra 2018-12-20), er det vurdert at tiltaket utløyser krav om konsekvensutgreiing.

Føremålet med reguleringa er utviding av eksisterande vassverk i høve utbetring av vassforsyninga til Ørsta og Volda. Parallelt med planarbeidet vert det gjennomført eit forprosjekt som skal syna kva som er dei beste løysingane for begge kommunane i høve utgifter til innbyggarane, kostnadsfordeling og framtidige investeringar. Detaljreguleringa skal ta utgangspunkt i resultatet frå forprosjektet. 

Området kring dagens vassverk ligg i ei sone med potensiell flomskredfare, og vi har difor inkludert ei vurdering av denne faren i planarbeidet.

 

Planprosess

Dette er i første omgang eit varsel om at planarbeidet for prosjektet er starta opp.

Har du lokale opplysningar eller synspunkt som er viktige å ta høgde for i høve det tidlege planarbeidet kan desse sendast skriftleg til Volda kommune, Stormyra 2, 6100 Volda eller postmottak@volda.kommune.no innan 05.11.2020.

Når det er utarbeidd eit utkast til reguleringsplan vil denne bli lagt ut til offentleg ettersyn i minimum 6 veker. Dette blir annonsert i avisa Møre og på kommunen si nettside. Grunneigarar og aktuelle myndigheiter vil bli varsla pr brev. I høve offentleg ettersyn vil planen ligge ute på kommunen si heimeside og det vil då vere moglegheiter for å sjå på detaljane i planen og kome med meir konkrete innspel.

Oppstartsvarsel 16.09.20. (PDF, 700 kB)

Kontaktperson i Volda kommune er ingeniør Eline Alvestad.