Innbyggjarinitiativ

Innbyggjarinitiativ

Innbyggjarinitiativ er ei ordning som skal bidra til at saker som engasjerer innbyggjarane vert fanga opp av det politiske systemet i kommunen. For å vere gyldig, må minst 2% eller 300 av dei som bur i kommunen støtte framlegget og vise dette ved å skrive under på initiativet.  

I tillegg må framlegget gjelde noko som er innanfor kommunen sitt ansvarsområde, og innhaldet i framlegget kan ikkje vere identisk med ei sak som er behandla i kommunestyret dei siste fire åra. Dette betyr at initiativet kan handle om ei sak som har vore behandla, men det kan ikkje vere eit framlegg om at vedtaket i saka skal endrast ut frå innhaldet i det opprinnelege saksframlegget. Det er også eit krav om at den/dei som står bak forslaget må vere registrert som busett i kommunen.

Det er kommunestyret som behandler innbyggjarinitiativ. Kommunestyret skal ta stilling til forslaget seinast 6 månader etter at det er fremma. Initiativtakarane skal informerast om den avgjerda som vert tatt og dei tiltak som blir gjennomførte som ein følgje av forslaget.

Det er ikkje eit krav om at den som står bak forslaget har røysterett, personar som er under 18 år kan med andre ord fremme forslag. Men initiativtakarane må gje opp kven som er kontaktpersonar for initiativet, dei kan ikkje vere anonyme.

Volda kommune set pris på at innbyggjarane engasjerer seg i utviklinga av kommunen, og vil gjera merksam på at ein også kan ta initiativ til å spre innbyggjarinitiativ elektronisk via minsak.no.

Les meir på Regjeringen.no.