Politisk organisering

Lokaldemokratiet gir innbyggjarane høve til sjølv å velje dei lokale og regionale leiarane sine og gjennom det påverke den lokale samfunnsutviklinga meir direkte.

Kommunestyret er det øvste folkevalde organet i kommunen. I Volda kommune er 8 politiske parti representert i kommunestyret som har 27 medlemmar. Kommunestyret treff vedtak på vegne av kommunen så langt ikkje anna følgjer av lov eller delegasjonsvedtak (kommuneloven § 6). Kommunestyret har møte omlag 11 gonger i året.

Partia i kommunestyret

Politisk møteplan, og oversikt over sakslister og protokoller.

Jørgen Amdam frå Arbeiderpartiet er ordførar i inneverande periode, 2015 - 2019.

Formannskapet består av 9 medlemmar frå kommunestyret. Formannskapet utføre dei oppgåvene som er pålagde ved lov, og gjer vedtak i dei sakene kommunestyret har delegert/gitt formannskapet fullmakt til å avgjera.

Forvaltningsutvalet har 9 medlemer. Tenesteutval for helse og omsorg og Tenesteutval for oppvekst og kultur har 7 medlemmar kvar. Utvala arbeider med sine respektive arbeidsområde innan den kommunale verksemda. I tillegg har Volda kommune også Eldreråd, Råd for likestilling av menneske med nedsett funksjonsevne, samt Ungdomsråd.

Møtedato for alle utval med tilhøyrande møtedokument finn du her  og liste over som sit i styret, rådet eller utvalet finn du her.

Rådmannen skal sjå til at dei sakene som vert lagde fram for folkevalde organ, er forsvarleg utgreidde, og at vedtak vert sett i verk.