Ordførar

Ordførar

Sølvi Dimmen (Sp) er ordførar i Volda for perioden 2023-2027. Ho vart vald inn første gang i 2019, og vart den første ordføraren i "nye" Volda kommune.

Sølvi Dimmen er ordførar i Volda kommune. Joakim Rødven

Dimmen er tilsett i 100 prosent stilling som ordførar og har kontor på rådhuset i Volda. I same periode er Sverre Leivdal (Ap) varaordførar.

 

Ordføraren er den øvste folkevalde tillitspersonen i kommunen, og er møteleiar i kommunestyret.

Som ordførar er Dimmen møteleiar i formannskapet og i kommunestyret, og avgjer kva saker som skal handsamast i desse organa. I tillegg er ordføraren kommunen sin juridiske person (rettslege representant).

Ordføraren har møte- og talerett i alle kommunale styre, nemnder, råd og utval.

E-post: solvi.dimmen@volda.kommune.no

 

Her kan du følge ordførar Sølvi Dimmen på "Ordføraren si side"
 

Kontakt

Sølvi Dimmen
ordførar
E-post
Mobil 99 62 78 76
PPT