Politiske organ

Lokaldemokratiet gir innbyggjarane høve til å velje dei lokale og regionale leiarane sine ved kommunestyre- og fylkestingval.

Kommunstyret

Kommunestyret er det øvste folkevalde organet i kommunen. I Volda kommune er det 10 politiske parti i kommunestyret, som har totalt 33 medlemer.

Kommunestyret gjer vedtak på vegne av kommunen så langt ikkje anna følgjer av lov eller delegasjonsvedtak (kommuneloven § 6). Kommunestyret har møte omlag 11 gonger i året.

Som ei følgje av kommunesamanslåinga av Hornindal og Volda kommunar, trådde ordførar i Volda kommune for perioden 2019-2023 offisielt til i stillinga 01.01.2020. Sølvi Dimmen (Sp) er ordførar for denne perioden.

Formannskapet

Formannskapet er sett saman av 9 medlemer, som alle er faste medlemer i kommunestyret.

Formannskapet utfører dei oppgåvene som er pålagde ved lov, og gjer vedtak i dei sakene kommunestyret har delegert/gitt formannskapet fullmakt til å avgjere.

Tenesteutval

I Volda kommune er det også tre tenesteutval, i tillegg til formannskapet:

Andre råd og utval

I tillegg har Volda kommune også følgjande råd og utval:

Saklister og møtedokument

I vår innsynsportal finn du politisk møteplan, sakslister og protokollar til alle den politiske organa i Volda kommune.

Sakslister vert så langt som råd bli publisert om lag éi veke før det aktuelle møtet vert heldt.