Slik kan du påverke

Hareid kommune er til for innbyggarane. Då er det viktig at innbyggarane melder i frå om sine behov og ønsker. Det kan gjerast både til administrasjonen og direkte til politikarane.

Klikk for stort bileteMasdalsklova sett frå Hareid.

Politikarane

Her finn de kontaktinformasjon til dei enkelte politikarane.

Ønsker du å møte dei, har partigruppene møte på rådhuset kvar måndag i forkant av kommunestyremøta. (Sjå meir i botn av denne artikkelen)

Du kan også invitere politikarane til møte med lag og organisasjonar.

 

Politiske møter

Alle dei politiske møta er i hovudsak opne for publikum. Dei fleste politiske sakene skal innom minst eit utval før dei hamnar i kommunestyret. Ønsker du å påverke ei sak, er det smart å gjere det så tidleg som mogleg i prosessen.

Her  finn de oversikt over når kommunestyret og dei andre utvala har møte, møteinnkallingar og protokollar.

Kommunestyret blir også sendt live på nett (midlertidig nede).

 

Open spørretime

I forkant av kvart kommunestyremøte er det open spørjetime. Då kan alle som er innbyggarar i kommunen kome med meiningsytringar eller stille spørsmål til politikarane eller administrasjonen. Alle spørsmål og innlegg må sendast til ordføraren i forkant. Det kan du gjere her.

Sjå reglementet som gjeld for kommunestyret for fleire detaljar (punkt 23)

 

Innbyggarinitiativ

Får du med deg minst 2 prosent av innbyggarane i kommunen – for tida 103 personar –  kan du krevje at ei sak skal opp for kommunestyret. Det er sett visse vilkår for å kunne krevje dette. Her kan du opprette eit innbyggarinitiativ og lese meir om ordninga.

 

Val 2019

Å røyste i valet er den viktigaste enkelthandlinga ein kan gjere for å påverke kommunen ein bur i. De får de sjansen til den 9. september. Då skal de velje nytt kommunestyre. På denne sida kan de finne siste nytt om valet i Hareid kommune. Her vil til dømes tid og stad for førehandsrøysting, vallokale, og kven som stiller til val bli lagt ut.

 

Høyringar

I forkant av større politiske saker, til dømes planer og budsjett, skal dokumenta ut på høyring til innbyggarane. På denne sida finn de ein oversikt over pågåande høyringar.

 

Administrasjon

Har de noko de vil ta opp med administrasjonen eller einingane kan de sende ein e-post til postmottak@hareid.kommune.no så blir den vidaresendt til rette vedkomande.

Veit de namnet på den de vil skrive til, kan de finne kontaktinformasjon her.

 

Politiske gruppemøte

Gruppemøter vert halde mandag før kommunestyremøtet på rådhuset.
Her er oversikt over roma partia/gruppene oppheld seg på:

  • Folkelista for Hareid - Kommunestyresalen 2. etasje 
  • Arbeidarpartiet - Møterom 2 1. etasje 
  • Fremskrittspartiet - Formannskapsromet 1. etasje 
  • Høgre - Ordførarkontoret  MYRAVEGEN 
  • Kristeleg Folkeparti - Kantine 2. etasje 
  • Venstre - Møterom 1 1. etasje 

Møta er opne for publikum og dørene er opne frå kl. 19:00 - 19:45.