Har du røysterett?

For å kunne røyste ved stortingsvalet 2021 må du ha røysterett og vere innført i manntalet. Du har røysterett ved stortingsvalet 2021 dersom du oppfyller desse fire kriteria:

  • er norsk statsborgar
  • fylle 18 år innan utgangen av 2021
  • er, eller har vore, registrert i folkeregisteret som busett i Norge
  • ikkje ha mista røysteretten etter Grunnloven § 53

For å kunne røyste i Volda kommune på valdagen, må du vere innført i manntalet i Volda. Du kan søke om å bli innført i manntalet ved å fylle ut dette skjemaet.

For å kunne røyste ved sametinget, må dju vere registrert i sametinget sitt valgmanntal. Alle samar frå Norge som er over 18 år eller fyller 18 år i valåret, har rett til å registrere seg i valmanntalet. 

Du kan kreve deg innført i valmanntalet dersom du gir erklæring på at du oppfattar deg sjølv osm sake, og i tillegg har samisk som heimespråk eller har/har hatt forelder, besteforelder eller oldeforelder med samisk som heimespråk eller om du er barn av ein person som har stått i det samiske valmanntalet.