Kan eg gjere endringar på røystesetelen?

Røystesetelen til stortingsvalget er oransje. Antall kandidatar på røystesetelen vil variere mellom fylker, då partia og listene som stiller til val minimum må fylle på like mange kandidatar som representantar som skal veljast frå fylket. I motsetning til kommunestyre- og fylkestingsvalet er det ikkje mogleg for partia å gi nokon av sine kandidatar røystetillegg.

Som veljar kan du gjere endringar på stortingsrøystesetelen. Ved stortingsval kan du renummerere kandidatar. Altså, dersom du meiner at kandidat nr. 7 bør vere kandidat nr. 2, kan du endre dette på din røystesetel. Vidare kan du stryke kandidatar, dersom det er enkelte kandidatar du er ueinig i at står på lista. Det er ikkje høve til å gi personrøyst eller slengarrøyst.