Korleis foregår førehandsrøystinga?

Dersom du skal førehandsrøyste i ein annan kommune enn der du er manntalsført, får du utlevert ein røysteseddelkonvolutt som du skal legge røysteseddelen din i, etter at den har blitt stempla av ein valfunksjonær. Røysteseddelkonvolutten blir deretter lagt i ein nye konvolutt (:omslagskonvolutt) saman med valkortet ditt.

Omslagskonvolutten blir deretter sendt til valstyret i den kommunen som du er manntalsført i. Der blir du kryssa i manntalet og valkortet ditt blir skilt frå røysteseddelkonvolutten. Røysteseddelkonvolutten din blir lagt i ei urne som blir opna på valdagen. Då blir alle røysteseddelkonvoluttane opna og oppteling av røystene startar. Det er derfor ikkje mogleg å finne ut kva ein person har røysta.

Dersom du førehandsrøyster i den kommunen du er manntalsført i, blir røysteseddelen din lagt direkte i valurna etter at den har blitt stempla og du har blitt kryssa i manntalet.