Legitimasjon og valkort

Du må ta med legitimasjon når du skal røyste, båd ei førehandsrøystingsperioden og på valdagen. Det er ikkje tilstrekkeleg å oppgje namn og fødselsdato.

Legitimasjon kan t.d. vere pass, førarkort og bankkort med bilde, men du kan også bruke annan type legitimasjon. Kravet er at legitimasjonen inneheld namn, fødselsdato go bilde.

Du får valkortet ditt digitalt

Ved stortingsvalet 2021 får du tilsendt valkortet ditt digitalt. Personar som har reservert seg mot digital post frå det offentlege, vil framleis få valkortet på papir.

Du treng ikkje ta med valkortet for å røyste, men det går raskare å røyste dersom du har det med.

Valkort ved sametingsvalet

Dersom du har registrert deg i sametinget sitt valmanntal, og har røysterett ved sametingsvalet, vil du få eit eige valkort som du tar med når du skal røyste.