Slik røyster du

Mandag 13. september er det stortingsval. Du kan førehandsrøyste frå 10. august til 10. september. For å røyste ved stortingsvalet må du ha røysterett.

Vi oppfordrar så mange som råd til å førehandsrøyste ved årets val, dette for å minske smitterisiko på grunn av koronapandemien.

Tidlegrøysting frå 1. juli

Veljarar som ikkje har moglegheit til å røyste i perioden for førehandsrøysting eller på valdagen, kan tidlegrøyste frå 1. juli og fram til førehandsrøystinga startar. Veljarar som ønsker å tidlegrøyste må ta kontakt med kommunen og be om å få røyste. 

Førehandsrøysting frå 10. august

Frå og med 10. august til og med 10. september kan du førehandsrøyste i alle vallokaler i heile landet. Dersom du røyster i ein annan kommune enn der du er busett, blir røystinga di sendt til heimkommunen din (:der du er registrert som busett pr 30. juni). Informasjon om kor og når du kan førehandsrøyste i Volda, vil bli lagt ut på denne sida i løpet av våren.

Det er ikkje mogleg å røyste fleire gongar. Dersom du har røysta på førehand, så kan du ikkje røyste på nytt på valdagen. Du kan heller ikkje førehandsrøyste fleire gongar.

På valdagen

På valdagen kan du berre røyste i din heimkommune: den kommunen du er registrert som busett i folkeregisteret pr 30. juni. Informasjon om vallokaler og opningstider på valdagen, blir lagt ut på denne sida i løpet av våren.

Husk legitimasjon

Det er ikkje nødvendig å ta med valkort for å røyste, men du MÅ ta med legitimasjon. Legitimasjonen må innehalde namn, fødselsdato og bilde, døme på godkjent legitimasjon er pass, førarkort eller bankkort med bilde.