Smittevern og val

Det skal vere trygt å stemme. Vi vil derfor sørge for å ha godt smittevern i alle vallokale.

Vi oppfordrar så mange som råd til å førehandsstemme ved årets val, dette for å minske smitterisiko på grunn av koronapandemien. Dersom fleire enn ved tidlegare val førhandsrøystar i år, vil vi få spreidd veljarane utover og unngå kø på valdagen. Å unngå kø er eit av dei viktigaste smitteverntiltaka.

Regjeringa har laga ei rettleiing for smittevern i samband med valgjennomføring. Volda kommune følger denne ved gjennomføring av stortings- og sametingsvalet.

Oppsummering av innhaldet i rettleiaren:

  • Valet kan gjennomførast
  • Ingen sjuke kan vere i stemmelokala, men det skal leggast til rette for at alle får stemt
  • Kontaktreduserande tiltak i alle ledd for å sørge for god avstand
  • Kommunane må sørge for godt reinhald og god hygiene

Regjeringa si rettleiing om smittevern under valet