Står du i manntalet?

I løpet av juli månad blir manntalet for Volda kommune lagt ut til offentleg ettersyn på servicekontoret, Stormyra 2. 

Manntalet er ei oversikt over alle som har røysterett i ei kommune. For å kunne røyste må du stå innført i manntalet.

Veljarar busett i Noreg førast automatisk inn i manntalet i den kommunen der dei er registrert i folkeregisteret som busett pr. 30. juni i valåret.

Flyttar du til ein annan kommune etter 30. juni, er du fortsatt registrert i manntalet og har røysterett i den kommunen du flytta frå sjølv om du melder flytting.

Kva om eg bur i utlandet?

Er du busett i utlandet, men har vert registrert i folkeregisteret som busett i Noreg nokon gong i løpet av dei siste 10 åra, førast du automatisk inn i manntalet i kommunen der du var registrert som busett då du flytta frå Norge.

Dersom du ikkje har vore registrert busett i Norge dei siste 10 åra, må du søkje di siste bustadskommune om å bli ført inn i manntalet. Dersom du ikkje nokon gong har vore folkeregisterført som busett i Norge, skal du søke til Oslo kommune.

Slik søkjer du om å bli innført i manntalet

Du søkjer ved å skrive under på den omslagskonvolutten som vert brukt ved førehandsrøystegjeving utanriks. Dersom du førehandsrøyster i Noreg eller ikkje brukar den nemnde omslagskonvolutten, må du søkje særskilt. Dette kan gjerast i eit vanlig brev eller ved å fylle ut skjema for søknad om innføring i manntalet. Dette kan du gjere samtidig som du avgir stemma di. Søknaden må innehalde ei erklæring om at du fortsatt er norsk statsborgar.

Søknaden skal sendast til valstyret i den kommunen der du sist var registrert busett i Norge. Søknaden må vere kome fram til valstyret innan 14. september kl. 17:00 for å kunne bli innvilga.