Har du røysterett?

For å kunne røyste ved valet, må du vere innført i manntalet. Alle personar med røysterett vil automatisk bli innført i manntalet i den kommunen de var registrert busett per 30. juni valåret.

For å kunne røyste ved stortingsvalet 2021 må du ha røysterett og vere innført i manntalet. Du har røysterett dersom du oppfyller desse fire kriteria:

  • Er norsk statsborgar
  • Fyller 18 år innan utgangen av 2021
  • Er, eller har vore, registrert i folkeregisteret som busett i Norge
  • Ikkje har mista røysteretten etter Grunnloven § 53

Norske statsborgara som er oppført i sametinget sitt valmanntal har røysterett ved sametingsvalet.

Har du flytta til ein anna kommune etter 30. juni, er du registrert i manntalet i den kommunen du flyttet frå. Det er i den kommunen du er manntalsført i, du kan røyste i på valdagen. Dersom du ikkje har mulegheit til å røyste i kommunen du er manntalsført i på valdagen(-ane), kan du førehandsrøyste i den kommunen du ynskjer.