Partifordeling etter valdagen 2019

Av 8.132 røysteføre vart det gitt 5.610 røyster ved kommunestyrevalet i Volda.

Etter at valdagen vart gjennomført måndag 9. september, synte valresultatet i "nye" Volda kommune følgjande utfall fordelt på parti:

Partifordeling og representantar i kommunestyret
Parti Prosent av røystene Repr. i kommunestyret
Senterpartiet (20,7%) 7
Høgre (19,1%) 6
Arbeidarpartiet (13,6%) 4
Kristeleg Folkeparti (8,9%) 3
Volda-lista (7,8%) 3
Sosialistisk Venstreparti (7,7%) 3
Miljøpartiet Dei Grøne (6,5%) 2
Venstre (5,9%) 2
Framstegspartiet (5,6%) 2
Raudt (2,2%) 1
Partiet Dei Kristne (2,0%) 0