Offentleg ettersyn - Detaljregulering for Sorenskrivargarden - Skjervavegen 10
I samsvar med plan- og bygningsloven § 12-10 vert Detaljregulering med namn Sorenskrivargarden - Skjervavegen 10 lagt ut til offentleg ettersyn. Høyringsperioden er frå 12.02.2025 til 26.03.2025.
Føremålet med planarbeidet er å legge til rette for at Sorenskrivargarden kan nyttast som einebustad og at det verneverdige huset, uthuset med hage og utomhusareal vert bevart i høve vernet som er gjeve i landsverneplan for justissektoren med tilhøyrande forvaltningsplan. Planen opnar elles for oppføring av ein garasje og gjenoppføring av hovudhuset i tilfelle totalskade.
Merknader merka med namnet til planen og planident 2024001 sender du inn via dette skjemaet til Volda kommune eller til Volda kommune, Stormyra 2, 6100 Volda innan 26.03.2025.
Sakshandsamar: Heidi Istad, tlf. 46 91 54 55.
Planen med plankart, føresegn og planskildring kan lesast ved å følgje lenkene under, eller via kommunen sitt planarkiv: https://www.arealplaner.no/1577/arealplaner/331