Volda kommune
Volda kommune har kunngjort rammeavtalar for vinterdrift av både kommunale vegar og kommunale plassar. Vi håper at fleire lokale aktørar har lyst å levere tilbod og verte brøyteleverandør for kommunen dei neste åra. Under følgjer litt meir informasjon om kvar rammeavtale.
Rammeavtale om vinterdrift av kommunale vegar
Rammeavtalen om vinterdrift av kommunale vegar gjeld følgjande tenester:
- Brøyting
- Strøing
- Fresing
- Synfaring og kontroll (ved behov)
Avtalen er delt inn i 14 ulike roder:
- Rode 1: Driveklepp – Mork - Håskjold
- Rode 2: Berknes – Berkvik - Eidheim
- Rode 3: Humberset – Hjartåbygda - Årset
- Rode 4: Høydal – Hamre – Fyrde - Kalvatn
- Rode 5: Bjørkedal – Kile - Straumshamn
- Rode 6: Folkestad
- Rode 7: Dalsbygda - Rossetvik
- Rode 8: Steinsvik - Åmelfot
- Rode 9: Dravlaus – Lauvstad - Velsvik
- Rode 10: Finnes – Bjørke – Leira - Viddal
- Rode 11: Taraldset – Muldsvor - Støverstein
- Rode 12: Jutdalen – Kjøs
- Rode 13: Hornindal
- Rode 14: Grodås, veg og plassar
Interesserte leverandørar kan levere tilbod som gjeld ei eller fleire av rodene.
Tilbodsfrist og innsending
Tilbodsfristen er sett til 25. mars 2025, og tilbod må leverast via kommunen sitt konkurransegjennomføringsverktøy EU- supply. Interesserte leverandørar kan opprette brukar her kostnadsfritt:
www.eu-supply.com
Kunngjeringa av konkurransen, inkludert all dokumentasjon ligg på Doffin.
Rammeavtale om vinterdrift av kommunale plassar
Rammeavtalen om vinterdrift av kommunale plassar gjeld følgjande tenester:
- Brøyting
- Strøing
- Vekktransportering av snø (ved behov)
- Synfaring og kontroll (ved behov)
Tenesta skal utførast for 17 plassar med varierande areal. Nokre av plassane er private som kommunen har avtale om å disponere. I motsetnad til rammeavtalen om vinterdrift av kommunale vegar er ikkje rammeavtalen om vinterdrift av kommunale plassar delt inn i fleire roder. Det betyr at leverandør må levere tilbod som gjeld heile leveransen, altså vinterdrift av alle dei 17 plassane.
Tilbodsfrist og innsending
Tilbodsfristen er sett til 25. mars 2025, og tilbod må leverast via kommunen sitt konkurransegjennomføringsverktøy EU- supply. Interesserte leverandørar kan opprette brukar her kostnadsfritt:
www.eu-supply.com
Kunngjeringa av konkurransen, inkludert all dokumentasjon ligg på Doffin.
Tilbodskonferanse og kontaktinformasjon
Kommunen ønskjer å hjelpe alle som er interessert med å levere tilbod. Det blir difor haldt fysiske tilbodskonferansar på Volda rådhus 10. mars som alle er velkomne til å delta på. Her vil kommunen gå nærare gjennom all dokumentasjon, korleis ein utformar tilbod og korleis tilbod skal leverast:
- Konferanse for vinterdrift av kommunale vegar er frå 09.00–10.30
- Konferanse for vinterdrift av kommunale plassar er frå 10.30–11.30
Dersom dykk ikkje har høve til å delta på tilbodskonferanse, eller ønskjer meir informasjon om anskaffingane er det berre å ta kontakt med Andreas Kiperberg via andreas.kiperberg@volda.kommune.no eller telefon 91 13 75 10.
Volda kommune