Vassforsyning

Kommunen har i alt ti kommunale vassverk av svært ulik storleik.

Drikkevatn som kommunen leverer skal vere hygienisk trygt, klart og utan lukt, smak eller farge. Det skal ikkje innehalde fysiske, kjemiske eller biologiske komponentar som kan medføre helsefare.
Forsyning av drikkevatn er underlagt Drikkevannforskriften som stiller krav til vasskvalitet, godkjenning og drift av vassverka.

Vasskvaliteten vert kontrollert og dokumentert gjennom eit fastlagt prøvetakingsprogram.
Kommunen skal varsle abonnentane om planlagde driftsavbrot og forhold som påverkar drikkevasskvaliteten ved annonsering på heimesida og i lokalavisa.

Vatnet som vert levert av dei kommunale vassverka er behandla med UV-anlegg.
Ved uventa driftsavbrot kan vatnet verte minimumsklora, i samsvar med Mattilsynet sine retningsliner.



Teknisk vakttelefon: 901 78 008

Kontakt

Lars Fjærvold
E-post
Mobil 908 63 846