Ferieprogrammet for barnefamiliar er eit årleg tiltak støtta av Buf dir gjennom tilskot frå såkalla fattigdomsmidlar, der kommunen dei siste 5 åra har lagt inn søknad, som alle åra har vorte innvilga. I 2020 etablerte vi samarbeid med Røde kors om sommarprogrammet for barnefamiliar. I alt 16 dagar med aktivitetstilbod, som omfatta fleire spennande turar, sto på programmet. I tillegg til sommarprogrammet bidrog vi til aktivitetar i haustferien gjennom Volda e-sport-klubb, og vil også ha aktivitet i vinterferien.
Sommarprogrammet er ope for alle barnefamiliar i Volda. Det startar rett etter at skulane sluttar, og varer ut juli.