Om oss

Om oss

Volda kommune har to frivilligsentralar, Volda frivilligsentral i kommunesenteret Volda, og Hornindal frivilligsentral på Grodås.  Hornindal frivilligsentral har eiga heimeside; https://hornindal.frivilligsentral.no/.

Volda frivilligsentral høyrer inn i under sektor kultur i kommunen, i lag med bibliotek, ungdoms/fritidsklubb og kino. 

Volda har ein stor og mangfaldig frivillig sektor, og  ein hovudfunksjon til frivilligsentralen er å vere kommunen sitt kontaktledd og støttespelar til denne. Vidare ligg det til frivilligsentralane å skape eller støtte opp under inkluderande møteplassar i tråd med frivilligsentralane sin fellesvisjon «møte mellom  menneske». 

Frivilligsentralar er kjenneteikna ved å vere fleksible, lette å nå, løysingsorienterte og at det skal vere kort veg frå ide til handling.

Frivilligsentralen i Volda har mellom anna følgjande faste oppgåver gjennom året:

  • Sakshandsaming og oppfølging av
    • kommunen si treningstid for frivillige lag og organisasjonar i Volda Campus Sparebank1 arena og andre kommunale idrettslokale
    • Dei kommunale kulturmidlane
    • Frivilligprisen
    • Kulturprisen
    • Den kulturelle spaserstokken
    • TV-aksjonen

 

  • «Møte mellom menneske»
    • Drifte BUA Volda (utlånssentralen)
    • Koordinere Ha-bil i samarbeid med Røde kors
    • «Lån ein volding» i samarbeid med bilblioteket
    • Planlegging og gjennomføring av «Ferieprogrammet for barnefamiliar» i samarbeid med Røde kors og andre lokale aktørar