Habil

Habil

Habil er eit tiltak for mengdekøyringsbistand for køyreskuleelevar som ikkje har familie eller andre som kan hjelpe til med dette.  Det er frivillige som stiller som køyrerettleiarar, og deltakar skal vere godt i gong med køyreopplæringa gjennom køyreskule for å kunne delta. Habil gjeld mengdetrening, ikkje køyreopplæring.

Habil samarbeider med køyreskulane.

Det er Møre og Romsdal Røde kors som har sett i gong tiltaket, og som eig øvingsbilen som vi har her i Volda.

Habil i Volda er leia av Volda røde kors v. Audun Høidal, Frivilligsentralen v. Astrid Gjersdal og Volda læringssenter v. Ellen Hesselberg.

Tiltaket er ope for alle som fyller krava til å delta, dvs: 

  • Vere over 25 år eller ha bestått trafikalt grunnkurs
  • Ha gjennomført mørkekøyringskurs
  • Vere i gang med køyreopplæring gjennom trafikkskule

Til første møte med Habil skal deltakaren ha med ei erklæring frå køyreskulen, der hen gir køyrelæraren løyve til å gi den frivillige informasjon om kva hen treng å øve på.

Den Habil-frivillige skal ikkje gi køyreopplæring, men mengdetrening.

For å vere sjåfør for øvingskøyring, må ein vere over 25 år og hatt gyldig førarkort samanhengande siste 5 åra for køyrety i same klasse som det ein øvingskøyrer med.  

For å køyre med ungdom under 18 år er ein pålagde å levere inn politiattest til Habil Volda.