Lån ein Volding

Lån ein Volding

Volda folkebibliotek er lokalisert i Rådhuset – på grunnplan, lett tilgjengeleg og kanskje den staden som dei aller fleste veit kvar er i Volda.  Dermed er biblioteket ein fin møteplass, og for meir enn å låne bøker eller lese avisa.

Laurdagar mellom kl 13 og 14 kan du låne deg sjølv ut som samtalepartnar til nokon som treng å øve på å snakke norsk, anten ein til ein eller i gruppesamtale. Det kan vere prat og «laust og fast» eller eit bestemt tema. Lån ein volding er eit tiltak med stor fleksibilitet, og dei frivillige stiller opp så mykje dei sjølve ynskjer (etter avtale).