Torsdag 7. april klokka 17.30, Campus Arena
Endeleg har vi forlatt halepartiet av pandemien og kan få feira det 20. arrangementet av MGP ved Volda ungdomsskule! Påska 2001 var første gong, og sidan 2020 vart avlyst heilt, og at vi laga eit alternativt opplegg kalla “Musikkvideo Grand Prix” i 2021 blir dette altså vårt jubileum.
12 klassar skal entre Volda si storstove med det dei greier å få på plass av underhaldning i løpet av veka. Motivasjonsnivået har aldri vore så høgt og vi jobbar på spreng for å få laga ein festkveld for bygda.
Velkommen!
Kjøp billett her
Publisert av Kathrine Skarseth
Sist endra 04.04.2022 10:13