Diverse oppdatering kring attraksjonar i anlegget

Status kring tekniske utfordringar

BADSTUA: Denne er diverre framleis i ustand. Tidsperspektiv er uvisst nett no. 

 

VASS-SKLIA: Her har vi fått eit lysglimt. Statens jernbanetilsyn har no godkjent alle dokument, saka er oversendt jurist for godkjenning av godkjenninga, så her håper vi på GLADnyheit snart. 

 

KALDKULPEN: Trøbbel med ei varmepumpe gjer at denne ikkje vert kald nok. Delen er på veg, og montør frå Trondheim kjem når den er på plass. Tidsperspektiv diverre uvisst også her. 

 

BOBLEBADET: HURRA!!! Vi set boblebadet i drift i kveld (fredag 11.04). Vil vere tilgjengeleg i publikumstidene. 

 

Vi ynskjer alle våre kjære badegjestar ei GOD PÅSKE! 
Håper å sjå deg i anlegget til tross for nokre prøvedriftsvanskar, velkomen! 

NB: sjå eigne opningstider for påska! STENGT skjærtorsdag, elles ope kvar dag!