Vi får mange henvendingar angåande temperatur i bassenga, samt nokre spørsmål angåande dei attraksjonane som ikkje er satt i bruk. Beklager at det tek tid å få svar, men vi har rett og slett ikkje kapasitet til å ta unna. Prøver difor å verte flinkare å oppdatere innpå her framover.
Treningsbassenget er på plass slik det skal vere, ca 28 grader.
Pixabay.com
Opplæringsbassenget er 30 grader. (Tysdag 14.01 kl 13.00).
Det er på veg opp til 33, men ein må bruke tid for å ha kontroll på prosessen. Vi oppdaterer.
Det skal vere på plass i slutten av mnd.
Det same gjeld for babybassenget. Beklager.
Om nokon ynskjer å endre oppstartsdato på årskort grunna dette må de ta kontakt på solveig.storeide@volda.kommune.no, ikkje i resepsjonen.
Motstraumskanalen har fått opp farta, og er no superkjekk!
Vass-sklia kan vi ikkje kome med meir oppdatering på, anna enn at vi må avvente siste godkjenning frå Jernbaneverket, da attraksjonen kjem under tivoliforskrifta.
Døra på badstua er fiksa, og badstua held 80-90 grader.
Kaldkulpen er framleis 10 grader, skal sjekke om den kan vere 7 (trøkk angåande det ja).
Det er eit stort trøkk no, veldig kjekt. Vi må ha fullt fokus på sikkerheit. Og vi er alle nye i eit nytt anlegg. Så når vi meiner at det er nok folk for å ivareta tryggleik, så stenger vi inntak/inngong. Det kan skje på kort varsel.