Handlingrettleiar

Handlingrettleiar

Handlingsrettleiaren er ei "oppskrift" som du kan følgje frå punkt til punkt, og inkluderer mange gode hjelpemiddel du kan nytte. Start på nivå 0 punkt 1, og følg nivåa vidare etter behov.

Nivå 0

OPPDAGE OG UTFORSKE Definer uroa for eit barn. Del uroa med ein kollega eller næraste leiar, før du eventuelt delar uroa med vedkomande.
1. Definer uroa for eit barn
2. Del uroa med kollega/leiar
3. Del uroa med føresette/barnet
4. Vidare kartlegging
5. Avslutt saka

Nivå 1

VIDARE OPPFØLGING Jobb saman med føresette og barn for å finne ei løysing. Her vert det i utgangspunktet jobba innanfor eigen teneste.
1. Felles forståing og tiltak
2. Gjennomfør tiltak
3. Evalueringsmøte
4. Vegen vidare

Nivå 2

SAMARBEID MED FLEIRE Etabler tverrfagleg samarbeid mellom føresette/barnet, eiga verksemd og ei anna teneste for å løyse utfordringa.
1. Samarbeidsmøte
2. Planlegg tiltak
3. Gjennomfør tiltak
4. Evalueringsmøte
5. Vegen vidare

Nivå 3

LANGVARIG KOORDINERT SAMARBEID Jobb i tverrfagleg samarbeid mellom ulike kommunale tenester, føresette, barn/ungdom og tilviste tenester for å løyse utfordringa.
1. Møte med aktuelle instansar
2. Planlegg tiltak
3. Sett i verk koordinerte tiltak
4. Evalueringsmøte
5. Vidare koordinert innsats