I Volda kommune har vi ein rik og mangfaldig frivillig sektor.
Oversikt over lag og organisasjonar med kontaktinformasjon finn du her (PDF, 190 kB). Lista er oppdatert i juli 25., og er nok ikkje komplett. Lag og organisasjonar byter kontaktpersonar med jamne mellomrom, og nye organisasjonar vert oppretta. Ser du at noko i oversikta ikkje stemmer? Då ber vi deg ta kontakt med Hornindal frivilligsentral: Kristine.sofie.orheim.hansen@volda.kommune.no
Volda frivilligforum
I 2024 starta Volda frivilligforum opp, med støtte frå Sparebanken SMN. Forumet skal fungere som ein samhandlingsarena for frivillig sektor i Volda kommune, der alle lag, organisasjonar, frivillige og andre interesserte er velkomne.
Forumet har 4 treff i året og er koordinert av frivilligsentralane. Dei ulike møta har ulike tematikkar, og kan innehalde for eksempel kurs, informasjon og workshops, i tillegg til presentasjonar av ulike frivillige organisasjonar. Invitasjon til møtene vert sendt ut via e-post til dei organisasjonane vi har adresse til. Sjekk om vi har di adresse i lagsoversikta (lenkje øvst på denne sida). I tillegg har vi ei facebook-side der frivillige kan dele informasjon, spørje om råd og elles leggje ut informasjon som er relevant for frivillig sektor i kommunen. Alle frivillige i Volda kommune kan bli medlem av denne gruppa. Du finn den ved å søkje etter Volda Frivilligforum, og send medlemsforespørsel.
Aktivitetskalendar/ Volda.friskus.com
Volda kommune tilbyr Volda.friskus.com, som er ein digital aktivitetsoversikt og koordineringsverkty for frivillige lag og organisasjonar og kommunale tenester. Her kan alle frivillige organisasjonar registrere seg og dele informasjon om seg sjølv og aktivitetane, rekruttere deltakarar og frivillige, og kommunisere med medlemmer.
Du kan lese meir om Volda.friskus.com og registrere deg her: volda.friskus.com