Kva og kvifor heiltidskultur?

Kva og kvifor heiltidskultur?

Kva er heiltidskultur?
Kvifor treng vi å jobbe med heiltidskultur?

 

Heiltidskultur – gevinstar for brukarar, tilsette og drift

Heiltidskultur handlar om å ha heiltidsstillingar som det normale. I følge Heiltidshjulet, utvikla av Fafo-forskar Leif E. Moland, fører dette til ei rekkje positive effektar for både brukarar, tilsette og organisasjonen som heilskap. Heiltidshjulet synleggjer korleis heiltids- eller store deltidsstillingar kan styrke kvaliteten på tenestene, skape eit betre arbeidsmiljø og gi meir effektiv drift. Modellen er delt inn i tre hovudområde:

 

  1. Brukarrelaterte kvalitetsgevinstar (grøn)
  2. Arbeidsrelaterte gevinstar for tilsette (raud)
  3. Driftsrelaterte effektivitetsgevinstar (blå)
Heiltidshjulet inneheld åtte brukarrelevante kvalitetsvariablar (grøn), fem arbeidsvariablar som er særleg tilsetterelevante (raud), og seks driftsrelevante effektivitetsvariablar (blå), som er ein føresetnad for gode tenester og eit godt arbeidsmiljø. - Klikk for stort bileteHeiltidshjulet, illustrasjon Leif E. Moland, Fafo.
  • Dei grøne felta viser dei positive effektane for brukarane av tenestene. Brukarane opplever betre kvalitet på tenestene, blant anna gjennom:

    • Meir forutsigbarheit og kontinuitet ved at dei har færre personar å halde seg til
    • Tenester tilpassa eigen døgnrytme og som gir større ro i kvardagen
    • Auka tryggleik

 

  • Dei raude felta viser dei positive effektane for arbeidstakarane. Dei tilsette opplever eit betre arbeidsmiljø, blant anna gjennom:

    • Betre løns- og arbeidsvilkår
    • Betre balanse mellom arbeid og familie
    • Auka trivsel og lågare sjukefråvær

 

  • Dei blå felta viser dei positive effektane for arbeidsgivaren. Arbeidsgivar oppnår betre effektivitet, blant anna gjennom:

    • Eit betre læringsmiljø og meir engasjerte og involverte medarbeidarar
    • Betre omdøme og aukande attraktivitet som arbeidsgivar
    • Meir tid til leiing