Tørn - eit steg mot heiltidskultur

Tørn - eit steg mot heiltidskultur

Volda kommune deltek i KS sitt nasjonale læringsnettverk Tørn for å utvikle meir berekraftige helse- og omsorgstenester.  Arbeidet er del av satsinga vår på heiltidskultur og betre organisering av arbeidet og arbeidstida, med fokus på tenestestyrt bemanningsplanlegging og systematisk utviklingsarbeid.

Tørn Kommune - Klikk for stort bileteTørn Kommune - Helse og omsorg i nye tider

 

Kvifor Tørn?

Volda kommune står overfor store og samansette utfordringar:

  • Fleire eldre og færre i arbeidsfør alder
  • Mangel på helsefagleg personell
  • Press på økonomien og tenestene
  • Auka behov for fleksible og berekraftige løysingar

Dette krev nytenking rundt både oppgåvedeling, arbeidstid og bemanning.

 

Mål med deltakinga

  • Gjennom Tørn ønsker vi å:

    • Skape stabile og trygge tenester av høg kvalitet
    • Sikre ein meir føreseieleg arbeidskvardag for tilsette
    • Auka andelen heiltidsstillingar og redusere uønskt deltid
    • Bruke kompetansen smartare gjennom ny oppgåvedeling
    • Fremme samarbeid og samanheng i tenestene
    • Utvikle turnusar som gir betre balanse mellom jobb og fritid
    • Vere ein attraktiv og ansvarleg arbeidsgivar

 

Forankring og forventningar

Heiltidsarbeidet i kommunen er godt forankra både politisk og administrativt. Tørn er integrert i organisasjonen med styringsgrupper, prosjektgrupper og partssamansette grupper. Leiinga er tett involvert og ser Tørn som eit viktig verktøy i utviklinga av framtidsretta tenester.

 

To runder med Tørn - frå pilot til felles satsing

Volda kommune deltek i to runder av Tørn-programmet. I den pågåande satsinga (2025–2026) deltek heile helse- og omsorgssektoren, og vi bygger vidare på erfaringar frå pilotprosjektet i bu- og habiliteringstenesta.

Pilotfasen gav verdifull innsikt i oppgåvedeling, turnus og organisering, og legg no grunnlaget for ei breiare og meir heilskapleg omstilling i heile sektoren.

Tørn 2025-2026 -> Helse og omsorg
Tørn 2024-2025 -> Bu- og habiliteringsteneste

 

Tenestestyrt bemanningsplanlegging

Volda kommune deltek i læringsnettverk som nyttar Rettleiar 2 - Ny organisering av arbeidet og arbeidstiden og metodikken Tenestestyrt bemanningsplanlegging.

  •  

    Tenestestyrt bemanningsplanlegging er ein metode for å organisere arbeidsoppgåver og arbeidstid basert på behova til pasientar og brukarar av tenestene.

    Målet er å sikre god kontinuitet og rett kapasitet i tenestene - gjennom døgnet, veka og året. Rett kompetanse til rett tid, på rett plass.

  • Prosessane i tenestestyrt bemanningsplanlegging - Klikk for stort bileteProsessane i tenestestyrt bemanningsplanlegging

 

Tørn læringsnettverk

Volda deltek i læringsnettverk saman med sju andre kommunar. Formålet med læringsnettverket er å:

  • Utvikle, utprøve og setje i verk ny organisering av arbeidet og arbeidstida
  • Lære ein systematisk tilnærming på metodar og verktøy
  • Bidra til at kommunane er godt rusta til å ta fatt på ulike utviklings- og omstillingsprosessar

 

Aktivitetskart Tørn 2025-2026

Det blir gjennomført åtte digitale heildagssamlingar frå september 2025 til desember 2026. Mellom samlingane er det heimearbeid, open skjerm, rettleiing, førebuande møte og erfaringsdeling mellom kommunane.

Tørn Aktivitetskart 2025-2026 - Klikk for stort bileteTørn Aktivitetskart 2025-2026

Aktuelle linkar