Gjer heimen tryggare

Det finst nokre grep du kan ta og produkt du kan kjøpe som gjer at du kan få ein tryggare heim.

Tryggleik i heimen – rom for rom

I kvart rom i huset finst det både potensielle farar og enkle tiltak som kan auke tryggleiken.

For meir informasjon og konkrete råd, sjekk ut brosjyren frå Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) (PDF, 2 MB).

  • Smarte småhjelpemiddel

    Aktivitetar som å lage mat, kle på seg, eller berre utføre grunnleggande hygiene kan for somme bli krevjande. ADL-småhjelpemiddel er utvikla for å forenkle slike oppgåver og auke sjølvstendigheit. Desse smarte ergonomiske hjelpemidla kan betydeleg forbetre livskvalitet ved å gi deg moglegheit til å klare meir på eiga hand.

     

    I Ørsta si gågate ligg Helsepartner1 Sunnmøre (del av Banda-kjende), og her kan ein gå fysisk i butikk for å kjøpe diverse smarte hjelpemiddel, samt få god vegleiing for riktig produkt.

    Adresse: Vikegata 24, Ørsta.

    Tlf: 40626589/90668067

    kontakt@helsepartner1.no

    Banda sine nettsider

     

    I fleire lokale apotek får ein også kjøpt gode ADL-produkt og får god vegleiing.

     

    Det finast fleire gode nettsider som sel småhjelpemiddel. Sjekk ut for eksempel:

    Velferdsbutikken

    Enklereliv

    Seniorlife

 

  • Automatisk belysning

    Med lyspærer med bevegelsessensor kan lyset slå seg på automatisk når du kjem inn i eit rom.

    Du kan òg sette opp lysstyring slik at lyset slår seg av og på til faste tider, eller du kan styre det via mobilen for ekstra fleksibilitet.

    Mange elektronikk-kjeder tilbyr enkle og rimelege produkt som du kan prøve ut for å gjere kvardagen tryggare og meir praktisk.

 

 

  • Heimealarm – tryggleik med ny teknologi

    Ny teknologi gjer det mogleg å installere boligalarm sjølv, utan å vere tilknytt eit alarmselskap.

    Med slike system kan du få varsel direkte på mobilen – eller på mobilen til ein pårørande – dersom det oppstår brann, rørsle, innbrot eller lekkasjar. Dette kan òg vere svært praktisk på hytta!

    Les test av heimealarmar hos Best i test her

 

  • Funksjonelle sittemøblar 

    Funksjonelle sittemøblar kan gjere heimen tryggare på fleire måtar:

    Lettare å reise seg og sette seg – Stolar med god setehøgd, stabile armlene og fast sete gjer det enklare å reise seg utan å miste balansen.

    Mindre risiko for fall – Stødig møblering og rett høgde på sittemøblane reduserer faren for å snuble eller gli når ein set seg ned eller reiser seg opp.

    Ergonomisk støtte – Stolar med god ryggstøtte og komfort gjev betre sitjestilling og avlastar rygg og ledd.

    Plassering og tilgjengelegheit – Å ha sittemøblar plasserte strategisk, for eksempel nær inngangsdøra eller på kjøkenet, gjer det lettare å ta pausar ved behov.

    Fleksibilitet og tryggleik i kvardagen – Elektriske lenestolar med løftefunksjon eller justerbar rygg kan gjere kvardagen enklare for eldre med redusert rørsleevne.

    Rett val av sittemøblar kan bidra til både auka komfort, betre mobilitet og ein tryggare kvardag i heimen.

     

    Sjekk ut velferdsbutikken.no for den funksjonelle løftestolen Activ EasyRiser og anna møbeltilbehør.

 

  • Smarte brannvarslarar

    Røykvarslarar reddar liv, og nokre er "smartare" enn andre. Dei kan vere straumdrevne, seriekobla og knytte til telefonen din. På denne måten kan du – eller ein pårørande – få varsel på mobilen dersom alarmen går heime.

    Har du eit kamera installert i tillegg, kan du sjå direktesendt video for å stadfeste om det er eit branntilløp og varsle nokon sjølv om du ikkje er heime. 

    Du bør òg ha ei komfyrvakt, som kan hindre komfyrbrannar. Komfyrvakt er påbode på alle nye kjøken og blir òg tilrådd på eldre kjøken. Dette bør du vite om komfyrvakt

 

  • Eigneberedskap

    Du bør ha utstyr heime slik at du kan klare deg sjølv i opptil ei veke. Dette inneber å ha nok vatn, mat, medisinar, varmekjelder og ein batteridriven radio for å halde deg oppdatert dersom straumen går.

    Les råd om eigenberedskap på denne lenkja (sikkerhverdag.no)

    Slik bidreg du til beredskapen i Noreg Norske styresmakter anbefaler at flest mogleg er førebudde på å klare seg sjølve i ei veke. Dette fordi kommunane og naudetatane må prioritere dei som ikkje klarer seg utan hjelp i ei krise.  
    Kvifor bør du ha eit beredskapslager?
    Sjekkliste for eigenberedskap